Dagleg leiar hjå Ramsvik Frisør, avd. Voss

Vi søkjer dagleg leiar til vår flotte, nyoppussa salong på Voss.

Som leiar hos oss vil du ha det daglege ansvaret for avdelinga.

I tillegg til ordinært frisørarbeid vil arbeidsoppgåvene også bestå i
- dagleg drift av avdelinga
- personalansvar
- økonomistyring/budsjettansvar
- fagleg ansvarleg for avdelinga
- stillinga inngår i leiargruppa i selskapet
- stillinga rapporterer til adm. dir

Du har sjølvsagt fagbrev på plass, og har variert og god erfaring frå frisøryrket.
Dessutan må du ha godt utvikla personlege eigenskapar!

Vi søkjer deg som
- vil ha nye utfordringar i ei spennande bedrift
- er ein dyktig frisør med gode personlege eigenskapar
- er ambisiøs, men samstundes audmjuk
- vil vere med på å bygge bedrifta vår for framtida
- vil bidra, dele, lære
- har god kundeservice i ryggrada
- har stor omtanke for både medarbeidarar og kundar
- identifiserer deg med verdiane våre

Vi har eit stort fokus på god forretningsdrift -vi jobbar hardt i ein krevjande marknad med stor konkurranse. Og vi gjer det med hjartet på rett plass! Vår erfaring er at vi alle presterer, taklar stress og press og høgt tempo endå betre når vi har ei positiv tilnærming til utfordringane. Derfor jobbar vi for å skape trygge, gode arbeidsplassar, og med den filosofien at eit godt arbeidsmiljø gjer endå betre resultat.

Hos oss får du
- svært konkurransedyktige vilkår,
- helseforsikring / andre godar som medarbeidar
- ein kjempespennande, gjevande jobb
- ein flott arbeidsplass i nyoppussa salong
- fri kvar laurdag
- over 100 hyggelege kollegaer i Ramsvik-Gruppa
- ein super arbeidsplass i ei bedrift i sterk utvikling og med solid marknadsposisjon
- gode utviklingsmogelegheiter fagleg og personleg
- nødvendig opplæring
- støttefunksjonar

Om arbeidsgjevar
Ramsvik og Ramm er Vestlandet si største frisørbedrift med 10 salongar i vår region.
Pr. i dag tel vi ca. 100 kvalifiserte og engasjerte medarbeidarar. Selskapet blei etablert så langt tilbake som i 1971 – på Voss!

Ramsvik og Ramm er dessutan ei stor opplæringsbedrift. Vi har også eige opplæringssenter midt i Bergen sentrum, der våre lærlingar møtast jamleg for å øve med eigne instruktørar. Selskapet sin administrasjon held også til her.

Bedrifta har i alle år hatt eit stort fokus på fagleg utvikling, og gjennomfører kurs for alle medarbeidarar jamleg.
Gjennom vårt eige arbeidsmiljøprosjekt har vi også svært gode resultat i fleire delar av drifta; låg grad av utskifting av medarbeidarar, lågt sjukefråvære i bransjesamanheng, høg trivsels-score.

Alle avdelingar blir drive og målt einskildvis, og er samla under Ramsvik Drift AS, som hjelper den enkelte leiar/salong i ulike arbeidsoppgåver fortløpande.

Ta kontakt med adm. dir Kristin Blytt Davidsen for ein uforpliktande prat.
E-post: kristin@ramsvik.no
Mob: 934 52 569

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Torill Mathiesen